Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Miljøstiftinga Bellona har meldt oljeselskapet Eni Norge for utslepp av såkalla svarte kjemikaliar på Goliat-feltet i Barentshavet.
npk@npk.no
Publisert: 08.03.2016 kl 11:52
Blant anna gjeld meldinga brot på forureiningslova, skriv Teknisk Ukeblad.
– Vi vart lovd nullutslepp frå Goliat. Det var føresetnaden for heile området. Det første oljeindustrien gjer, er å bryte dette så det syng. Dette er fullstendig ute av kontroll. Dei har halde oss for narr, og Eni er ikkje i stand til å halde det dei lovar, seier Bellona-leiar Frederic Hauge.
Det har vore fleire utslepp av brannskum med «svarte kjemikaliar» på feltet. Dette er stoff som er lite nedbrytbare og har stor risiko for å hope seg opp i levande organismar – eller er svært akutt giftige.
Eni opplyser at dei ser alvorleg på utsleppa, men selskapet ønskjer ikkje å kommentere meldinga overfor Teknisk Ukeblad.
– Det er Eni Norges eksplisitte mål å ta vare på miljøet vi opererer i, derfor tar vi alle utslepp svært alvorleg. Utsleppa av godkjent brannskum skjedde ved eit uhell i test- og ferdigstillingsfasen av Goliat og er rapportert til styresmaktene, seier ein talsperson for selskapet.
Goliat-feltet ligg snautt ni mil utanfor Hammerfest og har ein anslått produksjon på 179 millionar fat oljeekvivalentar over ein periode på 15 år. Rettshavarane er Eni Norge AS (65 prosent) og Statoil Petroleum AS (35 prosent). Førstnemnde er operatør. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.