Klargjør siden...

Bellona slaktar oljenæringas klimakutt-rapport

(NPK-NTB): Oljenæringas «vegkart» for utsleppskutt i offshoresektoren kjem for seint, er for lite ambisiøst og fortener ikkje offentleg støtte, meiner Bellona.

– Det er fint at dei vil redusere utslepp, sjå på CO2-fangst (CCS), hydrogenproduksjon og andre tiltak. Men det er 20 år for seint. Dette er tiltak den same industrien svært aktivt har jobba imot, seier Bellona-leiar Frederic Hauge til NTB.

Målsettinga i rapporten om å kutte utsleppa frå oljeproduksjonen med 2,5 millionar tonn innan 2030 imponerer ikkje Hauge. Bransjen har auka utsleppa med 83 prosent sidan 1990, påpeiker han.

– Når dei ønskjer like stor oljeproduksjon i 2030 som i dag, blir farten inn i veggen stor, seier Hauge.

Å be staten om 5,5 milliardar kroner for å gjennomføre tiltaka, representerer ifølgje Hauge «frekkhetens nådegave» frå ein industri som får store skattefordelar og mykje forskingspengar.

– Men det er dette som kjenneteiknar Norsk olje- og gass-sjef Karl Eirik Schjøtt-Pedersen. Han er frekk som ei flatlus, seier Hauge. (©NPK)

Annonse