Benitez møter tidlegare Newcastle-spiss på ny i Kina

Salomón Rondón skal spele under den tidlegare manageren sin Rafael Benitez i kinesiske Dalian Yifang. Spissen scora tolv mål for Newcastle førre sesong.

Rondón melder overgang frå West Bromwich, men var førre sesong på lån i Newcastle. No har Rafael Benitez som er tidlegare manager i Premier League-klubben henta 29-åringen til kinesisk fotball.

Førre sesong noterte Rondón seg for totalt tolv Newcastle-scoringar. Det var éin færre enn Ayoze Pérez, som nyleg signerte for Leicester.

Benitez valde å gi seg i Newcastle då kontrakten hans gjekk ut i slutten av juni. Årsaka var usemjer med klubbleiinga. Kort tid seinare tok han turen til kinesiske Dalian Yifang.

Same dag som Rondón-signeringa vart det klart at West Bromwich har sikra seg danske Kenneth Zohore frå Cardiff.

(©NPK)

Salomón Rondón forlèt engelsk fotball til fordel for kinesiske Dalian Yifang. Foto: Leo Correa / AP / NTB scanpix

Rafael Benitez har henta Salomón Rondón til kinesiske Dalian Yifang. Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix