Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Real Madrids Karim Benzema kan ta ein viktig Champions League-rekord om han innfrir i returmøtet mot Manchester City neste veke.
stian.grythaugen@ntb.no/hege.grov@npk.no
Publisert: 27.04.2022 kl 09:29
Den franske spissen har imponert i utslagsrundane i Meisterligaen, med hat trick både mot Paris-St. Germain og Chelsea.
Han er no oppe i til saman ni mål i cupspelet i Champions League, etter at det vart to nettkjenningar i det første semifinaleoppgjeret mot City tysdag. Engelskmennene vann kampen 4-3
Dermed er det berre eitt mål opp til Cristiano Ronaldos rekord på ti mål frå 2016/17-sesongen.
Real Madrid tek imot Manchester City heime i den spanske hovudstaden onsdag 4. mai.
(©NPK)
Karim Benzema scora to mål mot Manchester City i Champions League-semifinalen tysdag. Foto: AP / Dave Thompson / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.