Beredskapsskip frå Kystverket på grunn i Lenvik i Troms

(NPK-NTB): Beredskapsskipet Strilborg frå Kystverket står på grunn i Finnsnesrenna i Troms. Kystvaktskip og slepebåt er på veg til staden.

– Båten står på grunn, men no er kystvaktskipet KV Sortland og slepebåten Lupus på veg for å hjelpa til, opplyser Hilde Dolva, vaktleiar i beredskapsvaktlaget til Kystverket til Maritime.no.

Kystverket kjenner førebels ikkje til skadeomfanget eller årsaka til grunnstøytinga. Det er førebels ikkje meldt om personskadar.

– Det er venta høgvatn klokka 17.30, og då skal dei andre fartøya vera framme. Planen er å få Strilborg av grunn med høgvatnet, seier Dolva.

Finnsnesrenna ligg i stamleiene mellom Harstad og Tromsø. Området har tidlegare vore eit trafikkert og ulykkesbelasta farvatn.

Kystverket fekk meldinga om ulykka litt før klokka 14 tysdag ettermiddag. (©NPK)

Annonse