Klargjør siden...

Bergen Engines permitterer 125 tilsette

(NPK-NTB): Rolls-Royce-selskapet Bergen Engines planlegg å ha ein tredel av dei fabrikktilsette permittert til kvar tid det neste halvanna året.

Fredag vart det klart at selskapet i første omgang heilt eller delvis permitterer 125 arbeidarar – meir enn kvar sjette tilsette – ved motorfabrikken på Hordvikneset i Åsane utanfor Bergen, ifølge Sysla.

Innan sommaren 2017 kan heile arbeidsstokken ha vore ute i permisjon. Bergen Engines startar ei rullerande permisjonsordning som inneber at ein tredel blir permitterte på omgang i 30 veker om gangen.

Dermed kan heile arbeidsstokken ha vore ute i permisjon innan sommaren neste år.

Leiinga skal gjere sitt til kostnadsreduksjonane ved frivillig å gå ned i lønn, men kommunikasjonsdirektør Helge Skaar vil ikkje talfeste kor store lønnskutt leiarane må tole. Etter det Sysla erfarer, er kutta på 10 prosent. (©NPK)

Annonse