Annonse

Bergen Frp får nytt liv etter tvangsnedlegging

For to år sidan vart lokallaget til Frp i Bergen lagt ned på grunn av internt bråk. No er dei tilbake.

Det stadfestar leiaren av interimsstyret i Bergen Frp, Sigbjørn Framnes, overfor BT.

– Då vi i interimsstyret fekk mandatet vårt, var det å førebu grunnen fram mot valet i 2023 viktig. Då skal vi kjempe om å komme oss i byråd. Ut frå alt som har skjedd i bergenspolitikken i seinare tid, er det på tide med eit skifte, seier Framnes til avisa.

Planen er å halde digitalt årsmøte 27. januar. Då skal Frp-bergensarane velje seg eit nytt styre og ikkje lenger vere under administrasjon av fylkeslaget.

Før lokallaget vart lagt ned i 2019 var situasjonen annleis. Interne konfliktar førte til at folk storma ut av møte, tidlegare byrådar melde seg ut i protest, og fleire vart kasta ut av partiet, skriv BT.

(©NPK)

Leiaren av interimsstyret i Bergen Frp, Sigbjørn Framnes, seier det nye lokallaget har som mål å komme seg i byråd i 2023. Foto: Marit Hommedal / NTB