Annonse

Bergen Frp vil gi Listhaug sikker plass på Stortinget

(NPK-NTB): Leiaren i Bergen Frp vil la Sylvi Listhaug representere lokallaget på vallista. Då vil ho vere sikra plass på Stortinget neste år.

Bergen skal etter skikken ha i alle fall éin av dei sikre plassane på lista, ifølgje Bergensavisen. Den vil leiar Petter Eltvik gi til Sylvi Listhaug, som i dag er innvandrings- og integreringsminister i Solberg-regjeringa. Ho har sterk støtte i Bergen Frp, ifølgje Eltvik.

– Og eg får mange tilbakemeldingar på at dette er ein god idé. Spør du meg, kan Bergen vere godt representert med folk som ikkje er frå Bergen, seier han.

Listhaug har ikkje plass på Stortinget i dag, men er aktuell til sikker plass på Oslo Frps nominasjonsliste før stortingsvalet i 2017. Det blir i så fall i konkurranse med Christian Tybring-Gjedde, som ønskjer ein fjerde periode på Stortinget.

I det opphavlege heimfylket hennar, Møre og Romsdal, er det Harald T. Nesvik, parlamentariske leiar, som har den sikre førsteplassen.

Per i dag har Hordaland Frp to representantar inne, Helge André Njåstad og Gjermund Hagesæter – sistnemnde tar ikkje attval.

Sylvi Listhaug sa denne veka at ho vurderer å gi seg i politikken av omsyn til familien og vil bruke sommaren til å tenkje over om ho ønskjer å gå for nominasjon. (©NPK)

Annonse