Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Bergen vedtok torsdag å fjerne forbodet mot å sykle mot køyreretninga i dei einvegskøyrde gatene i byen.
npk@npk.no
Publisert: 20.05.2016 kl 07:47
I vedtaket ligg det også at byen skal bruke to millionar kroner på å legge til rette for sykling mot køyreretninga i einvegskøyrde gater i sentrum og delar av Sandviken og Årstad, skriv Bergens Tidende.
Prosessen starta for to og eit halvt år sidan, då bystyret bad dåverande byråd greie ut kvar det var mogleg å få til ei slik endring. 113 gater vart kartlagt, og Bymiljøetaten, som handterer trafikkløysingar i bybiletet, har komme fram til at 23 av desse no skal tilretteleggast.
– Byen skal dei neste åra gjennomføre «det grøne skiftet» og blant anna realisere gå- og sykkelbyen. Avgrensa trafikkareal tilseier at det må skje ei prioritering av gategrunn. Gjennom vedtak i saka blir det prioritert å innføre sykling mot køyreretninga i einvegsregulerte gater, framfor parkering, seier byråd for miljø og byutvikling Anna Elisa Tryti. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.