Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Universitetet i Bergen har søkt om å innføra kvotering av mannlege studentar til psykologistudiet, etter at tal frå Samordna opptak viser at 84 prosent av 2016-kullet er kvinner.
npk@npk.no
Publisert: 20.07.2016 kl 07:27
– Det er viktig at vi får ein arbeidsmarknad der det finst eit godt utval av både mannlege og kvinnelege psykologar og legar, seier viserektor for utdanning Oddrun Samdal ved Universitetet i Bergen til Bergens Tidende.
Også Universitetet i Oslo har søkt om kjønnskvotering til psykologstudiet, og Kunnskapsdepartementet har forslaget ute på høyring. Institusjonane må svara på om dei ønskjer kvotering gjennom tilleggspoeng eller kvoteordning. Fristen for dette er 2. september, og ifølgje departementet vil universiteta få svar på søknadene ved juletider. (©NPK)