Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Leiinga i TV 2 har planer om å flytta marknadsføringsavdelinga til fjernsynskanalen frå Bergen til Oslo, ifølgje Bergens Tidende.
margunn@npk.no
Publisert: 27.05.2016 kl 07:25
Programsjef Trond Håndlykken Kvernstrøm vil ikkje kommentera eventuelle flytteplanar overfor avisa, men seier at den såkalla promoavdelinga er ein del strategi- og omstillingsprosjektet til TV 2. Avdelinga har vore i byen sidan starten i 1992, og blir omtalt som eit slags flaggskip. Ho har i alt 22 tilsette.
– Vi er i ei forhandling og drøfting. Då kan eg ikkje uttala meg, seier klubbleiar Henrikke Helland.
I starten av mai blei det kjent at TV 2 skal kutta 350 millionar kroner innan 2020. Samtidig er dei i eit politisk spel om konsesjonspengar for å driva i Bergen, som er hovudkvarteret til kanalen. TV 2 meiner sjølv at det vil kosta rundt 100 millionar ekstra å ha ein redaksjon i Bergen.
Stortingsrepresentant Geir Jørgen Bekkevold, som er kulturpolitisk talsperson i Kristeleg Folkeparti, har forståing for at TV 2 må gjennom omstillingar.
– Denne flyttinga er kanskje eit ledd i dette. Så lenge nyheitsavdelinga blir verande i Bergen, pustar eg framleis roleg, seier han. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.