Klargjør siden...

Bergensbanen opnar truleg natt til torsdag

Etter brannen i eit snøoverbygg på Bergensbanen, reknar Bane Nor med at toga kan byrje å køyre igjen natt til torsdag.

Bergensbanen vart stengt mellom Myrdal og Finse etter at eit 100 meter langt snøoverbygg ved Hallingskeid togstasjon måndag morgon byrja å brenne.

Onsdag opplyser Bane Nor at dei reknar med at toga kan byrje å køyre igjen på strekninga frå klokka 01.00 natt til torsdag, skrive dei på nettsidene sine.

– Estimert tid for opning torsdag 10. oktober klokka 1.00. Ny oppdatering klokka 17, skriv Bane Nor

(©NPK)

Annonse