Klargjør siden...

Bergh og Berglund innstilte til Høgsterett

(NPK-NTB): To lagdommarar frå Borgarting lagmannsrett er innstilte til dei to ledige embeta i Høgsterett. Cecilie Østensen Berglund blir med sine 44 år den yngste dommaren i den høgste rettsinstansen i landet om ho som får jobben.

Saman med 55 år gamle Espen Bergh er ho innstilt av Innstillingsrådet for dommarar til å overta dei to ledige stillingane i Høgsterett, melder Advokatbladet.

No er det opp til regjeringa å godkjenne innstillinga, og gjer den det, vil Østensen Berglund bli den yngste dommaren i kollegiet, seks år yngre enn dei to noverande yngste, Bergljot Webster og Arnfinn Bårdsen, som begge er fødde i 1966.

Cecilie Østensen Berglund starta som dommar i Borgarting lagmannsrett i 2011, og vart allereie i 2013 utnemnt til lagmann. Frå 2002 til 2005 var ho utgreiar i Høgsterett, og deretter assisterande direktør frå 2007 til 2009. Ho har vore leiar og nestleiar i Finansklagenemnda og har også verv som styreleiar i Nasjonal institusjon for menneskerettar.

Espen Bergh har vore lagmann i Borgarting frå 2010 og lagdommar frå 2005. Han har jobba som advokat i advokatfirmaet Wiersholm, og har også jobba ti år i Lovavdelinga i Justisdepartementet. Bergh har erfaring som dommarfullmektig i Ytre Follo sorenskrivarembete, og førstekonsulent i Forsvarsdepartementet.

Totalt var det ni søkjarar til dei to stillingane. (©NPK)

Annonse