Klargjør siden...
Annonse

Bernal måtte gi seg i Tour de France

Fjorårets Tour de France-vinnar Egan Bernal har valt å stå av årets ritt melder laget hans Ineos Grenadiers onsdag morgon.

Den 23 år gamle colombianaren har slite med både ryggsmerter og eit vondt kne under årets ritt og hamna langt bak på den 16. etappen tysdag på veg inn i ei tøff avslutning i Alpane.

Han skal no satse på å komme tilbake for å fullføre resten av sesongen.

– Det er sjølvsagt ikkje slik eg ville at mitt Tour de France skulle avsluttast, men eg er samd i at det er den rette avgjerda for meg slik det er no. Eg har stor respekt for dette rittet, og eg ser allereie fram til å komme tilbake i kommande ritt, seier Bernal.

– Vi har teke denne avgjerda til det beste for Egan. Han er ein verkeleg meister som elskar å konkurrere, men han er òg ein ung ryttar med mange Tour de France føre seg. På dette tidspunktet meiner vi derimot at det mest rette for han å ta ein pause, seier Ineos sportsdirektør sir Dave Brailsford i ei pressemelding.

Onsdag blir den 170 kilometer lange 17. etappen køyrt frå Grenoble til Meribel. Det er slovenaren Primoz Roglic som leiar rittet, 40 sekund føre landsmannen Tadej Pogacar.

Egan Bernal vann fjorårets utgåve noko overraskande då lagkameraten og tittelforsvararen hans Geraint Thomas svikta.

(©NPK)

Colombias Egan Bernal har trekt seg frå årets Tour de France. Foto: Marco Bertorello / AP / NTB