Annonse

Berntsen takka nei til IFK Göteborg

Sarpsborgs Thomas Berntsen vart nyleg tilboden jobben som sportssjef i den svenske fotballstorklubben IFK Göteborg, men takka nei.

- Det var ei ekstrem vanskeleg avgjerd, seier han.

Det er svenske Expressen som fredag kjem med nyheita om at Sarpsborg 08s sportssjef lenge har vore på radaren til IFK Göteborg.

Etter at Mats Gren fekk sparken på tampen av fjoråret, har klubben søkt etter ny sportssjef, og ein av dei meste interessante kandidatane til jobben var nettopp Berntsen.

Etter lang tenketid takka likevel nordmannen nei.

- IFK Göteborg er ein stor og tradisjonsrik klubb, ein av dei største i Skandinavia. Vi har hatt ein dialog i ei månads tid, noko eg har vore open med Sarpsborg om. Men eg takka nei nyleg. Det var vanskeleg, men timinga passa ikkje, seier Berntsen til Expressen.

Han har gjort ein kjempejobb i Sarpsborg og selt spelarar for nærare 100 millionar kroner dei siste åra. Sala av Sigurd Rosted, Krépin Diatta, Anders Trondsen og Tobias Heintz er berre nokon av det Berntsen har stått bak.

På spørsmål om kvifor det var vanskeleg, svarer Berntsen slik:

- Eg har hatt seks og eit halvt år i Sarpsborg og det hadde kanskje vore på tide å forlate klubben. Å få tilbod frå ein klubb som IFK kjem kanskje berre ein gong i karrieren. Likevel trivst eg ekstremt bra med det vi har bygd opp her. Vi har hatt framgang i Europa League og eg kjenner at det er mykje å utvikle. Eg er ikkje ferdig med det prosjektet vi har byrja på her.

(©NPK)

Thomas Berntsen blir verande i Sarpsborg 08, trass i stor interesse frå IFK Göteborg. Foto: Berit Roald / NTB scanpix