Berre éi veke igjen av våpenamnesti – politiet har fått over 8.000 våpen
Torsdag om éi veke går våpenamnestiet i Noreg ut. Etter dette kan personar som har ulovlege våpen, bli straffa.
– Ulovlege våpen kan komme i feil hender og ende i kriminelle miljø. Eg er glad desse våpena no er borte frå ein potensielt ulovleg marknad og ikkje kan gjere skade, seier justisminister Emilie Enger Mehl (Sp).
Torsdag besøkte ho lageret til politiet i Oslo.
– Eg oppmodar alle som har ulovlege våpen, til å levere dei til politiet no. Du risikerer ikkje straff, og saman kan vi førebyggje ulykker og nedkjempe kriminalitet, seier justis- og beredskapsministeren.
Våpen frå andre verdskrigen
Regjeringa innførte våpenamnestiet 1. januar 2023. Dei fire første månadene har politiet fått inn 8.103 våpen. Det er fleire enn under heile det førre våpenamnestiet i 2017.
– Mange er nok også letta over å bli kvitt våpen som kanskje stammar frå arv eller dødsbu. Vi ser at det kjem inn svært gamle våpen, mellom anna maskingevær frå 2. verdskrig, seier Mehl.
Har ein ulovlege våpen 1. juni 2023, kan ein bli straffa. Strafferamma for ulovleg omgang med skytevåpen er bøter eller fengsel inntil 3 månader. Grovare tilfelle blir straffa med fengsel i inntil seks år.
Gjeld fleire typar våpen
Amnestiet gjeld også for ammunisjon og for ulovlege våpen som ikkje er skytevåpen, som til dømes elektrosjokkvåpen, ulovlege knivar og tåregass. Når våpenet er levert inn, kan du søkje om å få erverve det lovleg, få løyve til å selje det eller få deaktivert våpenet slik at det blir ubrukbart og kan behaldast.
Viss du har eksplosiv, sprengstoff, granatar, krut eller fyrverkeri, er det viktig at du ikkje tek med desse til politiet sjølv. Då må du heller kontakte politiet på telefon.
Flest i Trøndelag
Talet på våpen som så langt er leverte inn per politidistrikt.
Agder – 542
Finnmark – 104
Innlandet – 1.125
Møre og Romsdal – 571
Nordland – 179
Oslo – 1449
Sørvest – 102
Søraust – 422
Troms – 102
Trøndelag – 1.474
Vest – 817
Aust – 1.167
Sysselmeisteren på Svalbard – 49
(©NPK)
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) besøkte våpenmottaket på politihuset på Grønland i Oslo i anledning at våpenamnestiet går ut 1. juni. Ved utgangen av april var det levert inn 8.103 våpen.
Foto: Rodrigo Freitas / NTB / NPK
Politiet har blant anna fått inn 65 maskinpistolar og 19 maskingevær.
Foto: Rodrigo Freitas / NTB / NPK
Både gamle og meir moderne våpen er levert inn.
Foto: Rodrigo Freitas / NTB / NPK
Justis- og beredskapsministeren trur det er mange som er letta for å få levert inn våpena sine.
Foto: Rodrigo Freitas / NTB / NPK