Annonse
Annonse

Betre rettar ved netthandel med vanleg betalingskort

(NPK-NTB): No kan du få pengane igjen dersom du ikkje får varer du har handla på internett, sjølv om du betalar med eit vanleg betalingskort.

Annonse

Visa lovar deg pengane tilbake dersom ei vare du har kjøpt på nettet ikkje dukkar opp – men då Forbrukarombodet i sommar gjennomgjekk kortavtalane til norske banker, viste det seg at fleire banker ikkje hadde tatt desse særvilkåra inn i sine kortavtalar med kundane.

Forbrukarombodet kravde at bankane måtte få dette på plass, og no har dei bekrefta at dei vil rette seg etter kravet.

– Visa Norge har fleire gonger framheva dei gode vilkåra for netthandel i eiga marknadsføring. Vi er glade for at bankane har bekrefta at dei vil gi kundane desse rettane og få dei inn i sine kortavtalar, seier forbrukarombod Gry Nergård i ei pressemelding.

Mange er kjende med at du kan krevje pengane tilbake frå banken dersom du har betalt med kredittkort, og vara eller tenesta du har kjøpt ikkje blir levert eller har manglar. Mindre kjent er det at Visa frivillig gir deg ein liknande rett når du brukar deira debetkort, det vil seie eit vanleg betalingskort der betalinga blir trekt frå kontoen. (©NPK)