Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Faren for snøskred har auka til nivå tre og blir sett på som betydeleg i Nordland, på Vestlandet, i Buskerud og i delar av Telemark, ifølgje nye varsel frå NVE.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 11.02.2019 kl 11:42
Ifølgje det oppdaterte varselet frå NVE er det måndag og tysdag betydeleg fare for snøskred fleire stader i landet.
Det gjeld spesielt i Lofoten og Vesterålen, Ofoten, Salten og Svartisen i Nordland, og dessutan i Trollheimen, Romsdal, Sunnmøre, Indre Fjordane, Jotunheimen, Hardanger, Indre Sogn og ved Voss i Midt- og Vest-Noreg.
Også i Hallingdal i Buskerud og i Vest-Telemark er faregrada auka til tre.
Det er mykje vind og nysnø som er årsaka til at skredfaren aukar. Det er venta opp mot 20 centimeter nysnø i kombinasjon med sterk kuling måndag. I tillegg har det alt komme 10-15 centimeter som blir flytte på av vinden.
Nysnø og vind vil danne store nysnøflak i leheng, som kan losne naturleg og vere svært ustabile, åtvarar NVE.
(©NPK)
Ifølgje det oppdaterte varselet frå NVE er det måndag og tysdag betydeleg fare for snøskred fleire stader i landet. Her frå snøskred i Geiranger i januar. Foto: Willy Fredheim / NTB scanpix / NPK