Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Denne helga er det betydeleg snøskredfare i Nord-Noreg. Hovudredningssentralen ber folk vere forsiktige.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/anne.sigrid.timberlid.hundere@npk.no
Publisert: 22.05.2020 kl 18:29
Skredfaren vil vere betydeleg gjennom heile helga i heile landsdelen, mellom anna i Vest-Finnmark og på Finnmarkskysten, Nord- og Sør-Troms, Lyngen, Tromsø, Lofoten og Vesterålen og Salten.
Hovudredningssentralen åtvarar om store naturleg utløyste skred og oppmodar folk om å sjekke varsom.no.
– Ikkje utsett deg sjølv eller andre for fare. Vis vit – vêr varsam, oppmodar Hovudredningssentralen Nord-Noreg.
Fredag ettermiddag gjekk det eit stort snøskred ved Sørtinden i Troms. Skredet vart utløyst av to personar, men ingen vart teke.
(©NPK)
Redningsarbeidarar frå Røde Kors under ei øving. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix