Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): I den første helga i påska ligg snøskredfaren i store delar av Nord-Noreg og på Nordvestlandet på nivå 3 – betydeleg. Samtidig får folk skryt for å vere meir forsiktige når dei ferdast i fjellet.
npk@npk.no
Publisert: 18.03.2016 kl 14:43
– Det at ingen har omkomme mens dei har vore på tur i fjellet i Norge i vinter er heilt klart oppløftande for oss som jobbar med førebygging på dette feltet. No håpar vi at tala held seg gjennom påska, seier Vegard Lindbæk, skredleiar i Norsk Folkehjelp Midt-Troms.
I desember mista to personar livet i snøskred i Longyearbyen på Svalbard. Dette blir rekna som eit urbant skred og tel ikkje i statistikken for friluftsliv, ifølge Norsk Folkehjelp.
Vi må heilt tilbake til 1993 for å finne ein vinter utan dødsfall i skred knytt til friluftsliv. Det året døydde éin person i eit skred som ramma busetnad. (©NPK)