Klargjør siden...
Annonse

Biden: Ekstremvêr kostar USA over 860 milliardar kroner i år

Rekninga for ekstremvêr kjem i år til å passere 861 milliardar kroner i USA, ifølgje president Joe Biden.

Nesten kvart tredje lokalsamfunn i USA har vore påverka av ulike former for ekstremvêr, forverra av klimaendringar, dei siste månadene. Det uttalte Biden under eit besøk ved National Renewable Energy Laboratory like utanfor Denver i Colorado tysdag, melder Reuters.

– Vi veit at klimaendringar er pådrivaren. Vi veit kva som forårsakar klimaendringar. Menneskeleg aktivitet, sa Biden.

– Det er ikkje lenger nokon diskusjon, sa presidenten.

Han sa at ekstremvêr kjem til å koste USA meir enn 100 milliardar dollar i år, eit estimat som er over fjoråret, då kostnaden vart anslått til 99 milliardar dollar.

(©NPK)

President Joe Biden var tysdag i Colorado der han besøkte National Renewable Energy Laboratory. Foto: Evan Vucci / AP / NTB