Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-Reuters): Visepresidenten i USA, Joe Biden, vil ikkje melde seg på kappløpet om å bli presidentkandidat for Demokratane i 2016. Dødsfallet til sonen har vore ei for stor påkjenning, seier han.
npk@npk.no
Publisert: 21.10.2015 kl 18:32
Sist oppdatert: 21.10.2015 kl 19:42
Biden (72) kom sjølv med kunngjeringa utanfor Det kvite hus onsdag.
Dermed er det slutt på fleire månaders spekulasjonar om Biden kom til å utfordre Hillary Clinton, som no er favoritten til å vinne nominasjonsprosessen i Det demokratiske partiet. Det har vore kjent sidan august at han har vurdert å stille.
– Sjølv om eg ikkje vil vere kandidat, kjem eg ikkje til å teie. Eg vil snakke klart og tydeleg for å påverke så mykje eg kan, både når det gjeld kor vi står som parti, og kor vi bør gå som nasjon, sa Biden.
Samtidig har han komme fram til at sjansane for å vinne nominasjonsprosessen har vorte mindre dei siste månadene.
Under pressekonferansen sa Biden at USA må godta at landet ikkje kan løyse all verdsens problem åleine. Han sa òg at Republikanarane ikkje er fienden og streka under at «kompromiss ikkje er eit skitent ord». Den splittande partipolitikken øydelegg USA, slo han fast.
Han bad òg om at det blir brukt meir pengar på å finne ein kur mot kreft.
Tilhengjarane til Biden hadde håpt han ville stille, ikkje minst på grunn av den svake oppslutninga Clinton hadde tidleg i nominasjonsprosessen. Men etter ein kandidatdebatt i oktober steig støtta til Clinton med 10 prosentpoeng til 52 prosent.
Biden har prøvd å bli presidentkandidat to gonger tidlegare, i 1988 og 2008, men begge gongene forsvann han tidleg ut av prosessen. (©NPK)