Biden lovar å forsvare Taiwan militært

USAs president Joe Biden åtvarar Kina mot å invadere Taiwan og seier at USA vil forsvare øya militært.

Under eit besøk i Japan sa Biden at Kina «flørtar med fare» om dei skulle våge seg til å angripe Taiwan.

– Det er forpliktinga vi har pålagt oss sjølv, sa han då han vart spurd om USA ville agere militært om Kina prøver å ta kontroll over Taiwan med makt.

– Vi slutta oss til ideen om Eitt Kina, men ei førestilling om at dette kan oppnåast ved maktbruk, er berre ikkje aktuelt, understreka han.

(©NPK)

Annonse