Annonse

Billettkaos før VM-kampen mellom England og Iran

Det er full kaos utanfor Khalifa stadion i Qatar ettersom Fifas billett-app er nede for teljing, melder svenske Aftonbladet.

Engelske fans slit med å komme seg inn på stadion til opningskampen i nasjonen mot Iran klokka 14.00 norsk tid.

– Det verkar som om systemet krasjar på ein eller annan måte, seier England-supporter David Sinclair til avisa.

Årsaka skal vere at Fifas billett-app er nede. Tusenvis av tilskodarar skal førebels stå i uvisse utanfor stadion.

(©NPK)

Engelske supporterar kjem seg ikkje inn til VM-kampen mellom England og Iran på Khalifa Stadion etter Fifas billett-app er nede for teljing. Foto: Hussein Sayed / AP Photo / NTB.

Annonse