Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Det rår full handballfeber i Polen om dagen. Svartebørsen er no det einaste håpet for å følgja kampen til vertsnasjonen mot Noreg laurdag.
npk@npk.no
Publisert: 22.01.2016 kl 16:00
Det kjem rundt 16.000 tilskodarar til Tauron-hallen laurdag.
Og det blir smekk fullt. Svartebørshaiane har gode dagar i hovudrunden. Billettane går for fleire gonger den offisielle utsalsprisen.
Mange norske studentar har kome til Krakow i håp om å få med seg kampen live.
Skulle polakkane vinna laurdag, er plassen i EM-semifinalen veldig nær. Det same gjeld for Noreg.
Men Polen er ramma av høg sportsfeber om dagen. I vinter har det gått skeis for skihopparane og Justyna Kowalczyk (langrenn). Då er eit herrelandslag i handball på heimebane noko å jubla for. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.