Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Prisen på å byggje ut eit oljefelt på norsk sokkel har i gjennomsnitt falle med over 40 prosent sidan hausten 2014, ifølgje tal frå Oljedirektoratet.
npk@npk.no
Publisert: 29.08.2016 kl 10:05
Det er ein analyse gjennomført av åtte planlagte utbyggingar som nærmar seg oppstart som viser nedgangen i utbyggingskostnadane.
Årsakene er ein kombinasjon av enklare utbyggingsløysingar og meir effektiv boring. I tillegg kjem lågare prisar på arbeid og utstyr, melder Oljedirektoratet.
Direktoratet har gjennomgått prosjekta Utgard, Oda, Zidane, Trestakk, Snilehorn, Johan Castberg, Snorre Expansion Project og Johan Sverdrup fase 2. Analysen viser at dei berekna omkostningane for desse prosjekta har falle frå rundt 270 milliardar kroner til 150 milliardar kroner.
– Dette er ein betydeleg og veldig gledeleg reduksjon, seier Oljedirektoratets direktør for utbygging og drift Ingrid Sølvberg.
Ho åtvarar samtidig mot innføring av kortsiktige innsparingstiltak på kostnad av langsiktig verdiskaping, og mot å kutte bemanninga i viktige fagmiljø. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.