Biologar krev eigne område for rovdyr

(NPK-NTB): I eit nytt opprop frå norske fagbiologar blir det foreslått at husdyr og beitedyr blir forbode i enkelte område. I desse reservata skal ein byggje levedyktige bestandar av bjørn, ulv, jerv og gaupe.

– Ei rad andre land har klart å redde rovdyrbestanden ved å skilje mellom område for rovdyr og beitedyr, seier professor emeritus Harald Kryvi ved Universitetet i Bergen til Klassekampen.

Saman med 664 andre, hovudsakleg fagbiologar, har han skrive under på eit opprop som er levert til Stortingets energi- og miljøkomité.

Med forvaltninga i dag fryktar biologane at det kan gå mot slutten for dei fire store rovdyra i Noreg. Dei meiner at beiting, husdyrhald og jakt må bli forbode i enkelte område.

– Det ligg i korta at dette må bli i fjellkommunar, seier Kryvi.

I oppropet heiter det at rovdyra må bli forsynte med tilstrekkeleg hjortevilt og bli bedøvde og frakta tilbake om dei vandrar ut av området.

Bondelaget er skeptiske til forslaget.

– Ein kan ikkje vente at rovdyr held seg innanfor nasjonalparkgrenser. Dette vil først og fremst fordrive beitedyr frå utmark som er nødvendig for å drive landbruk i fjellbygdene, seier kommunikasjonssjef i Norges Bondelag Lise Boeck Jacobsen til avisa. (©NPK)

Annonse