Annonse

Biontech utviklar ny koronavaksine

Tyske Biontech opplyser at dei arbeider med ein ny koronavaksine som skal verke betre mot den nye virusvarianten som er påvist i Sør-Afrika.

– Vi forstår bekymringa til ekspertane og har alt byrja å forske på B. 1.1.529-varianten av viruset, heiter det i ei fråsegn frå Biontech.

Selskapet, som frå før har utvikla ein koronavaksine i samarbeid med amerikanske Pfizer, håpar på eit resultat innan to veker.

Den nye virusvarianten, som vart oppdaga av sørafrikanske virologar denne veka, viser seg å ha svært mange mutasjonar. Det blir derfor frykta at dagens koronavaksinar har avgrensa effekt.

Biontech og Pfizer byrja alt for fleire månader sidan å vidareutvikle vaksinen sin for å møte trusselen frå nye virusvariantar.

Selskapa reknar med å ha ein ny vaksinevariant klar i løpet av seks veker, og målet er at den kan takast i bruk innan 100 dagar.

(©NPK)

Tyske Biontech har byrja arbeidd med å utvikle ein ny og betre koronavaksine som skal ha større effekt mot den nye varianten av viruset som denne veka vart påvist i Sør-Afrika. Foto: AP / NTB