Annonse

Birkelund frå Brann til Sogndal

(NPK-NTB): Midtbanespelar Eirik Birkelund (21) er klar for eliteserieklubben Sogndal. Han har signert ein avtale ut 2018-sesongen.

Birkelund fyller 22 år onsdag og kjem frå Brann, der han sist sesong spelte 12 ligakampar for klubben (seks frå start). Han debuterte i eliteserien i 2011.

– Å få spele under Eirik Bakke er ei fin moglegheit for utvikling for meg. Eg likar måten han tenkjer fotball på, seier Birkelund.

Sogndal har tidlegare i vinter sikra seg underskrifta til Ole Amund Sveen frå Hødd og Martin Ramsland frå Strømmen. (©NPK)