Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Ein dårleg første omgang øydela for Noreg i jakta på tre nye nasjonsligapoeng. Trass norsk sjansefest etter pause greidde Slovenia 0–0 på Ullevaal.
espen.hartvig@ntb.no/sveinung.engeland@npk.no
Publisert: 10.06.2022 kl 07:06
Det gjorde gruppejumboen sjølv om laget måtte spele siste snaue halvtime pluss tilleggstid med ti mann. Miha Blazic vart i det 63. minuttet sendt av banen med eit soleklart raudt kort etter å ha felt Erling Braut Haaland bakfrå då superspissen var gjennom.
Noreg vassa i sjansar dei siste 45 minutta, men hadde verken marginane eller dyktigheita til å overliste Slovenias stjernemålvakt Jan Oblak. Det næraste Noreg kom var Martin Ødegaards frispark i tverrliggjaren etter situasjonen som gav utvising. Fem minutt før full tid ropte heile Ullevaal på straffespark då Fredrik Bjørkan tok seg til dødlinja og vart felt av Martin Milec, men til inga nytte.
– Eg har sett situasjonen i reprise, og kjensla er den same som under kampen og er at det var straffe, sa Bjørkan til NTB.
– Eg har ikkje sett det i reprise, så det ville berre bli gjetting om eg skulle seie noko om det, sa Ståle Solbakken på pressekonferansen.
– Første omgang var veldig jamn, men intensiteten var for låg. Vi greidde ikkje å komme ut av 2.-gir. Den andre omgangen var veldig annleis, og eg er veldig fornøgd med han. Vi var skarpe, kom til mange sjansar, og på ein normal dag ville vi skåra eit par mål. Slik er fotball, samanfatta han kampen.
Slovenia tok sitt første poeng i nasjonsligagruppa, og påførte samtidig Noreg det første poengtapet. No er Serbia berre eitt poeng bak dei norske.
Frå start brukte Solbakken åtte mann som starta for tredje gong under samlinga. Det verka ikkje som eit vellykka val torsdag. Kristian Thorstvedt og Alexander Sørloth sette fart i laget då dei kom inn ved pause.
– Dei kom inn med power, og andre fann gode posisjonar, som Martin Ødegaard. Vi er skuffa over 0-0, men det er viktig å sjå bak resultatet. Det var mykje som var bra i 2. omgang, sa Solbakken.
Slovenia var best i første omgang, men etter sidebyte var det norsk einvegskøyring. I staden for at Noreg for fjerde gong i historia vann dei fem første landskampane sine i eit kalenderår, kom eit poengtap som kan bli kostbart når nasjonsligarekneskapen skal gjerast opp.
(©NPK)
Denne femlingen av Erling Braut Haaland kosta den slovenske stopparen Miha Blazic raudt kort i nasjonsligakampen på Ullevaal. Foto: Terje Bendiksby / NTB
Erling Braut Haaland hadde sjansar nok, men greidde ikkje å få ballen i mål mot Slovenia. Det gjorde heller ikkje Alexander Sørloth eller nokon av dei andre norske. Foto: Javad Parsa / NTB
Det blei ein frustrerande kveld for Martin Ødegaard og dei andre norske på Ullevaal mot Slovenia. Foto: Javad Parsa / NTB
Erling Braut Haaland i duell med slovenske Benjamin Verbic i nasjonsligakampen torsdag. Foto: Javad Parsa / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.