Bjørndalen gjev svar om framtida

(NPK-NTB): Ole Einar Bjørndalen har kalla inn til pressemøte tysdag morgon. Temaet er framtida til skiskytarveteranen.

Møtet er klokka 09.00 tysdag. Då vil Bjørndalen truleg avsløra om han legg opp eller om karrieren held fram.

Bjørndalen viste sterk form i VM i Holmenkollen i mars. 42-åringen tok gull på stafett, men sikra også to individuelle sølvmedaljar og ein bronse. (©NPK)