Klargjør siden...

Bjørnstad og Wenham til svømmefinalar

(NPK-NTB): Svømmarane Andreas Bjørnstad og Adam Ismael Wenham kom seg begge seg til finalane i sine klasser i paralympiaden i Rio de Janeiro onsdag.

Bjørnstad svømte 400 meter fri i klassen S7 og vart nummer to i sitt heat med 4.59,23. Briten Michael Jones vann heatet med 4.58,50. Den raskaste av alle var likevel Jonathan Fox frå Storbritannia, som med 4.51,10 var i ein klasse for seg.

Wenham tok tredjeplassen i sitt heat på 100 meter bryst i klassen S14 med tida 1.09,59. Han hadde med det den femte beste tida totalt. Det var langt jamnare blant dei beste på 100 meter bryst, og den beste var briten Scott Quinn med 1.06,65.

Begge finalane går seinare onsdag. (©NPK)

Annonse