Klargjør siden...
Annonse
Annonse

Blinken: Nord-Korea testar rakettar for å få merksemd

USAs utanriksminister meiner Nord-Koreas rakettestar kan vere eit forsøk på å få auka merksemd. På ti dagar har landet testa rakettar tre gonger.

– Eg trur noko av dette kan henge saman med at Nord-Korea prøver å få merksemd. Dei har gjort det slik før, og dei held truleg fram å gjere det, seier utanriksminister Antony Blinken i eit TV-intervju med MSNBC.

Han kallar Nord-Koreas rakettestar destabiliserande og farlege, og seier dei er i strid med ei rekkje FN-resolusjonar. Samtidig oppmodar han landet til å gå med på nye samtalar med USA, og han insisterer på at USA ikkje har nokon «fiendtleg siktemål» overfor Kim Jong-uns regime.

Onsdag varsla USA nye sanksjonar mot landet etter at Nord-Korea har testa det dei kallar for hypersoniske rakettar to gonger i løpet av ei vekes tid. Den siste testen vart utført tysdag.

Ny rakettest

Berre timar etter Blinkens utsegner vart det meldt om endå ein rakettest i det isolerte landet. Denne gongen dreidde det seg truleg om to kortdistanserakettar som vart skotne ut nordvest i Nord-Korea, nær grensa til Kina. Dei skal ha lagt bak seg 430 kilometer før dei fall ned i Japanhavet, opplyser sørkoreanske styresmakter fredag morgon.

Dei vart truleg skotne mot eit førehandsbestemt mål på ei folketomt nordkoreansk øy, seier militære kjelder i Sør-Korea til nyheitsbyrået Yonhap.

– Vil svare på «provokasjon»

Nord-Korea kom same morgon med ei fråsegn der det blir trua med gjengjelding som følgje av dei nye amerikanske sanksjonane.

– Viss USA tek ein slik konfronterande ståstad, blir Nord-Korea tvinga til å ta ein kraftigare og tydelegare reaksjon mot det, seier ein talsmann for utanriksdepartementet i Pyongyang, ifølgje det statlege nyheitsbyrået KCNA.

Sanksjonane vart varsla av USAs finansdepartement og utanriksdepartement og er retta mot fem nordkoreanarar som blir knytte til rakettprogrammet i landet.

FN-sanksjonar?

USA vil i tillegg foreslå FN-sanksjonar, ifølgje USAs FN-ambassadør Linda Thomas-Greenfield. Ho har ikkje spesifisert kva slags sanksjonar det er snakk om.

Forslaget må formelt behandlast av dei 15 medlemslanda i FNs tryggingsråd, og ei avgjerd der må vere einstemmig. Førre gong Tryggingsrådet vedtok sanksjonar mot Nord-Koreas atomvåpenprogram, var i 2017. Då fekk Trump-administrasjonen gjennomslag for ei rekkje økonomiske sanksjonar mot landet.

Desse sanksjonane er framleis aktive og hindrar Nord-Korea i å importere olje. I tillegg har dei sørgt for at landet ikkje lenger kan eksportere kol, jern, sjømat og tekstil til resten av verda.

(©NPK)

Folk i Sør-Korea ser over mot Nord-Korea. Fredag gjennomførte Nord-Korea endå ein rakettest, berre dagar etter at landet skal ha testa hypersoniske rakettar for andre gong på vel ei veke. Foto: Ahn Young-joon / AP / NTB

USAs utanriksminister Antony Blinken ber på nytt Nord-Korea om å inngå dialog med USA. Foto: Andrew Harnik / pool via AP / NTB