Klargjør siden...

Blir det eit OL til å gråte av, Noreg?

(NPK-NTB-Espen Hartvig): Etter semifinaletapet til handballjentene ser Rio-OL til å bli dei svakaste sommarleikane for Noreg på 32 år.

Nora Mørk og co. kan no som best sikre bronse. Dermed tyder det aller meste på eit gullfritt OL for første gong på dei åtte siste utgåvene.

Det vil vere med på å auke presset på toppidrettssjef Tore Øvrebø og teamet hans. Skulle Nederland vinne kampen laurdag, er det ikkje utenkjeleg at Noreg reiser heim med berre tre bronsemedaljar.

– Eg har ikkje noko problem med å seie at Russland var eit mål betre enn oss. Vi hang ikkje skikkeleg med i forsvar og hos keeperane, spesielt i 1.-omgangen, seier landslagssjef Thorir Hergeirsson om kvifor Noregs største OL-favoritt feila.

Dette er Noregs medaljefasit sidan leikane i 1984:

London 2012: 2 gull, 1 sølv, 1 bronse

Beijing 2008: 3 gull, 5 sølv, 1 bronse

Aten 2004: 5 gull, 1 bronse

Sydney 2000: 4 gull, 3 sølv, 3 bronse

Atlanta 1996: 2 gull, 2 sølv, 3 bronse

Barcelona 1992: 2 gull, 4 sølv, 1 bronse

Seoul 1988: 2 gull, 3 sølv

Los Angeles 1984: 1 sølv, 2 bronse. (©NPK)

Annonse