Annonse

Blonz til handball-VM, alle stjernene med i Berges tropp

18-åringen Alexander Blonz er den store overraskinga i Noregs VM-tropp i handball. Meisterskapen går i Danmark og Tyskland i januar.

Kantspelaren Blonz har ingen seniorlandskampar, spelar i 1. divisjon for Viking og har skrive under kontrakt med Elverum. Han flyttar dit til sommaren.

Landslagssjef Christian Berge offentleggjorde dei 18 uttatte i Paris fredag. Alle dei store tunge namna er med. Sander Sagosen går i spissen. Berge valde berre to keeperar, og ungguten Kristian Sæveraas (Aalborg) kom ikkje med i troppen.

Kjempetalent

Overraskinga vart altså 18 år gamle Alexander Blonz, som blir rekna som eitt av dei aller største talenta i norsk herrehandball.

Den nyskrivne avtalen hans med Elverum gjeld ut 2020/21-sesongen.

Venstrevingen har vore svært målfarleg på nest øvste nivå i norsk handball denne sesongen. På tolv seriekampar står Blonz med 74 mål. Det er eit målsnitt på 6,2 per kamp.

Han har òg fleire titals landskampar på aldersbestemt nivå.

I den norske VM-troppen er han med som venstrekant saman med Tyskland-proffen Magnus Jøndal.

Opnar mot Tunisia

Noreg er i gruppe med Chile, Danmark, Saudi-Arabia, Tunisia og Austerrike.

Dei tre beste går til hovudrunden der tre nye motstandarar ventar frå puljen til Angola, Argentina, Egypt, Sverige, Ungarn og Qatar.

Noregs første gruppekamp går mot Tunisia 11. januar.

Dette er troppen, keeperar: Torbjørn Bergerud (Flensburg), Espen Christensen (Minden).

Utespelarar: Bjarte Myrhol (Skjern), Magnus Gullerud (Minden), Henrik Jakobsen (Toulouse), Petter Øverby (Erlangen), Espen Lie Hansen (Nantes), Christian O'Sullivan (Magdeburg), Sagosen (Paris St. Germain), Gøran Johannessen (Flensburg), Magnus Fredriksen (Elverum), Eivind Tangen (Skjern), Kent Robin Tønnesen (Veszprém), Magnus Abelvik Rød (Flensburg), Kristian Bjørnsen (Wetzlar), Kevin Maagerø Gulliksen (Minden), Magnus Jøndal (Flensburg), Blonz (Viking).

(©NPK)

Gøran Johannessen (frå venstre), Sander Sagosen og Magnus Abelvik Rød er alle med i VM-troppen i handball. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix