Bloomberg: USA vil sende 31 Abrams-stridsvogner til Ukraina

Ifølgje Bloomberg-korrespondent i Det kvite hus, Jennifer Jacobs, vil president Joe Biden seinare onsdag kunngjere at USA sender 31 stridsvogner til Ukraina.

Stridsvognene det er snakk om er av typen Abrams M1 og vil ha ein samla verdi på rundt 4 milliardar kroner, skriv Jacobs på Twitter.

Opplysningane er ikkje stadfesta frå offisielt hald, men fleire medium har tidlegare meldt at Biden-administrasjonen hellet i retning av å sende stridsvogner til Ukraina.

Biden har varsla ei fråsegn om amerikansk støtte til Ukraina klokka 18 norsk tid.

Tyskland varsla onsdag at Ukraina vil få tyskproduserte Leopard 2-stridsvogner, og fleire andre europeiske land har opplyst at dei også vil bidra med slike.

Ukraina vil ifølgje Bloomberg News få 31 Abrams M1-stridsvogner frå USA. Foto: The Gazette / AP / NTB

Annonse