BMW, Mercedes og Volvo blir nye politibilar
(NPK-NTB): Politiet har valt fem nye bilmodellar som skal dekke behov frå 2016 og i fire år framover.
Dei nye politibilane som blir å sjå på vegane er: BMW 520d xDrive Touring (liten patruljebil), Mercedes-Benz Vito (stor patruljebil), BMW X5 30d xDrive (ressurskøyretøy), Mercedes-Benz Sprinter (transportkøyretøy) og Volvo XC70 (hundebil).
I alt kom det inn tilbod på 20 ulike biltypar, frå fire forskjellige leverandørar. Alle bilar hadde høg kvalitet og tilfredsstilte minstekravet til politiet i anbodskonkurransen.
– Brukartesting er ein føresetnad for å kunne vurdere om bilane dekkjer behovet til politiet. Derfor har vi brukt 15 testsjåførar frå alle tenesteområda i politiet for å teste ulike bruksbehov og -situasjonar, seier direktør Helge Clem i Politiets Fellestenester.
Politiet har evaluert kvaliteten ut frå behovet for køyreeigenskapar, sikkerheit, komfort, plass og garanti. Kvalitet har vege tyngst, 60 prosent, men pris har også vore viktig i vurderinga, med 40 prosent. (©NPK)