Annonse

Bø på tredje då Schempp vann

(NPK-NTB): Tarjei Bø slo til med to fulle hus på sprinten i Antholz. Han klarte likevel ikkje å hamla opp med vinnaren Simon Schempp eller andremann Maxim Tsvetkov.

Tyske Schempp skaut to fulle hus, men var endå raskare enn Bø i sporet. Schempp var 10,8 sekund før Bø i mål. Russiske Tsvetkov lurte seg mellom dei to, 5,8 sekund bak Schempp. Også han skaut ti av ti treff i rennet.

Jean Guillaume Beatrix såg ut til å kunna røva tredjeplassen frå Bø, men tapte nokre små sekund i sluttspurten. Franskmannen var 1,3 sekund bak Bø i mål.

Johannes Thingnes Bø (to bom) blei nest beste norske på 8.-plass. Han heldt stor fart i sporet. 22-åringen var berre 21 sekund bak Schempp i mål.

Ole Einar Bjørndalen skaut også to bom totalt. Veteranen enda ikkje blant dei 20 beste. Det gjorde heller ikkje Emil Hegle Svendsen, som skaut tre bom. Verdscupleiar Martin Fourcade skaut seg også bort. (©NPK)