Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Andreas Leknessund imponerte stort på den 10. etappen med åttandeplass i Tour de France då danske Magnus Cort Nielsen tok sigeren.
geir.andreassen@ntb.no/mari.hauge@npk.no
Publisert: 12.07.2022 kl 15:20
Sist oppdatert: 12.07.2022 kl 17:27
Ein haug av ryttarar, inkludert nordmennene Edvald Boasson Hagen og Andreas Leknessund, prøvde å dra seg laus frå feltet opp Col de Jambaz (tredjekategorisert) og etablerte til slutt eit 25-mannsbrot.
Brotet fekk ei stor luke som på det meste var på ni og eit halvt minutt ned til hovudfeltet.
Pierre Rolland og Fred Wright rykte frå resten av brotet over Côte de Châtillon-sur-Cluses, men vart teken igjen i bakken ned frå stigninga.
Alberto Bettiol gav det også eit forsøk, og Wright, Benjamin Thomas og Georg Zimmermann prøvde å følgje etter opp den andrekategoriserte stigninga Montée de l'Altiport de Megève.
Då Bettiol vart teken igjen fem kilometer frå toppen av stigninga var det berre 12 løparar igjen i brotet, der mellom anna Boasson Hagen hadde falle av.
Luis León Sanchez, Jorgenson, Nick Schultz og Dylan van Baarle støyta frå brotet over toppen, men vart tekne igjen 500 meter før mål.
I spurten var det danske Magnus Cort Nielsen som var sterkast framfor Schulz og Sanchez. Leknessund enda på 8.-plass.
(©NPK)
Andreas Leknessund imponerte stort på den 10. etappen i Tour de France då han kom på 8.-plass. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.