Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Edvald Boasson Hagen tok tredjeplassen i det første løpet i Mallorca Challenge i sykling torsdag. I løpet fredag vart han nummer elleve.
npk@npk.no
Publisert: 29.01.2016 kl 19:11
Italienaren Gianluca Brambilla vann etter å ha rykt frå resten av tetgruppa da det stod igjen 15 kilometer. Han heldt unna til mål og var nokre få sekund føre dei som jaga han over målstreken.
Andreplassen gjekk til polakken Michal Kwiatkowski, mens Zdenek Stybar frå Tsjekkia køyrde inn som nummer tre. Brambilla var to sekund føre forfølgjarane i mål.
– Eg hadde ikkje gode nok bein til å henge med heilt i teten i den ville spurten som kom i oppoverbakke. Beina var litt tunge, sa Edvald Boasson Hagen i ein kommentar. Han fortalde at han måtte hoppe opp og ned av fortauskanten fleire gonger på dei siste hundre meterane.
– Laget mitt gjorde ein god jobb. Lagkameratane låg framfor meg og kontrollerte så godt dei kunne, fortalde nordmannen etter det 153 kilometer lange rittet. Han sa også at det var midt i den siste stigninga, ikkje så langt frå mål, at rittet eksploderte. Han kom sjølv med i frontgruppa og var nøgd med det, men beina var ikkje spreke nok da det drog seg til for alvor i spurten.
Det skal køyrast eit nytt ritt på Mallorca laurdag, men det er uvisst om Edvald Boasson Hagen startar. Laget hans har tidlegare opplyst at det ikkje er sikkert han kjem til å køyre alle dei fire ritta i denne europeiske sesongopninga. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.