Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Brasils president Jair Bolsonaro ber president Donald Trump revurdere avgjerda om å gjeninnføre toll på stål og aluminium frå Brasil og Argentina.
ann.fredriksen@ntb.no/beate.haugtro@npk.no
Publisert: 02.12.2019 kl 19:14
– Eg håper han har forståing for oss og ikkje straffar oss, sa Bolsonaro til brasiliansk radio etter at det måndag vart kjent at USA vil gjeninnføre toll på stål og aluminium frå Brasil og Argentina.
Ifølgje Trump er avgjerda eit svar på at Brasil og Argentina har devaluert valutaene sine, noko som fått negative konsekvensar for amerikansk industri.
Bolsonaro, som kallast «Tropenes Trump», skryter ofte av det gode forholdet sitt til den amerikanske presidenten. No håper han at Trump vil revurdere tollavgjerda.
Bolsonaro hevdar han har ei open linje til Trump og seier han vurderer å ringe til Trump for å drøfte saka.
(©NPK)
Brasils president Jair Bolsonaro håper Donald Trump ombestemmer seg og droppar å gjeninnføre toll på stål og aluminium frå Brasil. Foto: AP / NTB scanpix