Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Brasils tidlegare president Jair Bolsonaro er innlagd på sjukehus i USA med magesmerter, noko som også har plaga han mykje før.
Publisert: 09.01.2023 kl 18:06
Det skriv O Globo, ei av dei største avisene i Brasil.
Bolsonaro vart knivstukke i magen og alvorleg skadd under valkampen i 2018 og har vore innlagd på sjukehus med plager i magen fleire gonger sidan. Sidan Lula da Silva vart innsett som Bolsonaros etterfølgjar ved nyttår, har han vore i Florida i USA.
Trass i at Bolsonaro er under etterforsking i Brasil for fleire forhold, har ikkje USA fått nokon førespurnader om utlevering, opplyste Det kvite hus måndag.
(©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.