Bolt spring i London

(NPK-NTB-Reuters): Usain Bolt lader opp til OL i Rio de Janeiro med eit stemne i London 22. juli.

Diamond League-stemnet London Anniversary Games går i Queen Elisabeth Park.

Bolt har vunne seks OL-gull, tre i Beijing i 2008 og tre i London i 2012.

– Stemnet i London blir eitt av mine siste før OL. Det blir fint å returnere til OL-stadionet og oppleve enda ein kveld med god stemning der. Eg får alltid god støtte der, og eg ventar eit fullpakka stadion, seier tjueniåringen i ei fråsegn. (©NPK)

Annonse