Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Regjeringa vil framleis ikkje gi jordbærbønder erstatning for dårlege avlingar, men vil sjå nærmare på resistensproblematikken.
npk@npk.no
Publisert: 18.07.2016 kl 16:43
Sist oppdatert: 18.07.2016 kl 16:51
– Vi har for så vidt utfordra Bondelaget på om dei ønskjer å omdisponere pengar innanfor jordbruksavtalen, noko dei har avvist, og då kjenner ikkje vi noko behov for å følgje det vidare opp, seier statssekretær Terje Halleland (Frp) til NTB.
Han møtte i dag Norges Bondelag og Agderbær for å snakke om den ekstraordinære jordbærsituasjonen som har oppstått som følgje av at gråskimmelsopp har øydelagt avlingar fleire stader i landet.
Halleland seier dei vil følgje opp situasjonen på andre måtar.
– Vi ser på resistensproblematikken og følgjer den opp, og bruker det apparatet som er tilgjengeleg i dag, seier Halleland.
Norges Bondelag er glad for at departementet følgjer opp, men tviler på at dei eksisterande programma er omfattande nok.
– Vi skulle ønskje departementet hadde hatt meir å stille opp med tanke på kartlegging av den faktiske situasjonen, seier nestleiar Bjørn Gimming i Bondelaget. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.