Annonse

Bøndene overleverer krav til staten fredag

Jordbruksforhandlingane går i gang når bondeorganisasjonane fredag overleverer krava sine til staten.

Jordbruksoppgjeret er dei årlege forhandlingane mellom staten og jordbruksorganisasjonane Norsk Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Timeplanen for oppgjeret i år vart kjend tysdag, då Landbruks- og matdepartementet kunngjorde datoane.

Jordbruket legg fram kravet sitt 26. april, og staten skal svare med tilbodet sitt 6. mai. Partane har så frist til 16. mai med å komme i mål med forhandlingane.

Det er med eit bakteppe av stor brudulje at forhandlingane no går i gang. Bøndene protesterte utanfor Stortinget førre veke etter at regjeringspartia hadde vendt seg til Høgre og Venstre for å få fleirtal for landsbruksplanen.

Det enda med at det ikkje vart fleirtal i Stortinget for regjeringsplanen for å auke inntektene til bøndene, men landbruksminister Geir Pollestad (Sp) har likevel erklært at han vil leggje det til grunn i jordbruksoppgjeret.

(©NPK)

Bondeorganisasjonane legg fredag fram krava sine i jordbruksoppgjeret. Foto: Terje Bendiksby / NTB