Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): To gardbrukarar på Helgeland, som Fylkesmannen meiner har samarbeidd for tett, må betale tilbake over 620.000 kroner dei har fått i produksjonstilskot til svineproduksjon.
npk@npk.no
Publisert: 05.07.2016 kl 14:47
Mens dei to bøndene meinte dei handla i god tru, var Fylkesmannen av den oppfatning at dei samarbeidde så tett at det i realiteten dreier seg om samdrift – og krev tilbake totalt 621.600 kroner, skriv Brønnøysunds Avis.
Bøndene har to fjøs, men nyttar eitt fôringsanlegg, har eitt straumabonnement og avløyser kvarandre i ferie og fritid. Gardbrukarane meiner at fôringsanlegget må reknast som eit samarbeid i form av maskinfellesskap.
Vedtaket til Fylkesmannen om tilbakebetaling vart klaga inn til Landbruksdirektoratet, som no har gitt si støtte til vurderinga frå Fylkesmannen.
Direktoratet meiner bøndene, som kvar har produsert over 2000 slaktegris, har drive overproduksjon av svin på 2.073 dyr, sidan dei må reknast som eitt bruk.
– Det vil ikkje vere aktuelt for oss å gå til retten. Vi må berre betale. Vi må også gjere nokre tiltak og investeringar, men vidare drift vil det bli uansett, seier den eine bonden til avisa. (©NPK)