Annonse

Bonucci om Ronaldo: - Han vil ta oss til eit nytt nivå

Fredag blei Leonardo Bonucci presentert som Juventus-spelar etter eit år i Milan. No ser midtstopparen fram mot å bli lagkamerat med Cristiano Ronaldo.

- Å ha Ronaldo her vil i alle fall bety at dersom vi møter Real Madrid, så slepp vi å starte kampen på 0-1, sa Bonucci på pressekonferansen og sikta til den vanvitige statistikken til portugisaren i meisterligaen.

Ronaldo scora to i finalen i 2017, før han sende dei italienske meistrane ut i kvartfinale i fjor med eit vakkert brassespark. No trur Bonucci at 33-åringen kan bli avgjerande for at Juventus kan vinne meisterligaen for første gong sidan 1996.

- Han (Ronaldo) vil ta oss til eit nytt nivå. For Juventus, som allereie er eit sterkt lag, vil det bety enormt mykje. Målet er å ta oss til Madrid, prøve å vinne serien, cupen og meisterligaen. Det er kva Juventus handlar om, seier Bonucci.

Forsvarsspelaren vann seks Serie A-titlar med Juventus før han forlét klubben etter konflikt med trener Massimiliano Allegri. Berre eitt år seinare er han tilbake.

- Eg valde å dra fordi det kjendest rett på det tidspunktet. Så forstod eg at avgjersler som blir tatt i sinne ikkje alltid er rett. Forholdet vårt er veldig godt og som intelligente menneske burde, tok vi kvarandre i handa då vi møttest i oktober. Det er fortenesta hans at eg har forbetra meg som spelar, avsluttar Bonucci.

Juventus opnar sesongen borte mot Chievo 18. august.

(©NPK)

Leonardo Bonucci er glad for å sleppe å møte Cristiano Ronaldo i meisterligaen neste år. Foto: Luca Bruno / AP / NTB scanpix