Annonse

Moderaternas kandidat vald som ny leiar i Riksdagen

Moderaternas Andreas Norlén er vald til ny leiar for den svenske Riksdagen. Det er han som no får jobben med å peike ut den neste statsministeren i Sverige.

Norlén fekk støtte frå alle dei fire borgarlege partia i Alliansen og høgrepopulistane i Sverigedemokraterna (SD) i ei avstemming i Riksdagen måndag, då den nyvalde nasjonalforsamlinga møttest for første gong etter valet 9. september.

Leiaren for Riksdagen blir på svensk kalla talmannen, eit verv som svarar til den norske stortingspresidenten. Det er talmannen som får i oppgåve å foreslå ein statsministerkandidat som kan få støtte av Riksdagen.

SD-politikar mista verv

Under møtet måndagen skulle det også veljast tre nestleiarar. Dette tok fleire timar på grunn av valet av andre nestleiar.

Normalt sett utløyser ikkje dette valet noko dramatikk, ettersom kutymen er at posten går til landets tredje største parti, som er Sverigedemokraterna. Vänsterpartiet meinte likevel at SDs kandidat Björn Söder var uakseptabel, og fremma ein eigen kandidat, Lotta Johnsson Fornarve. Etter tre rundar vann Fornarve med 149 stemmer mot Björn Söders 82.

Truleg inneber dette at SD ikkje lenger vil ha noko visetalmann i Riksdagen. Socialdemokraternas gruppeleiar Anders Ygeman er klar på kva som skjer dersom Söder blir nominert til posten som tredje nestleiar mot Centerns Kerstin Lundgren.

- Viss SD stiller Björn Söder mot Kerstin Lundgren, så kjem vi til å stemme på Kerstin Lundgren, seier Ygeman.

Vil avsette Löfven

Kva slags regjering Sverige får etter valet, er framleis uklart ettersom både den raude og blå blokka manglar reint fleirtal fordi ingen av blokkene har villa samarbeide med SD.

Partileiar Jan Björklund i Liberalerna held fast på at ei Allianse-regjering ikkje kan støtte seg på SD for å få gjennom budsjettet.

- Det krevst eit blokkoverskridande samarbeid, sa Björklund før måndagens møte.

Han er også klar på at det ikkje kan bli noko borgarleg regjering viss den ikkje er sikker på å få gjennom budsjettet sitt.

Går ikkje frivillig

Sveriges noverande sosialdemokratiske statsminister Stefan Löfven har sagt at han ikkje vil gå av før han blir nedstemt av Alliansen og SD.

Den avstemminga skal ifølgje Riksdagens nyvalde talmann skje klokka 9.30 tysdag.

Etter dette er det nettopp den nye talmannen, Andreas Norlén, som får i oppgåve å finne fram til eit levedyktig regjeringsalternativ, noko som kan bli ei stor utfordring.

(©NPK)

Moderaternas Andreas Norlén (bildet) blei måndag vald til ny leiar i den svenske Riksdagen. Foto: Stina Stjernkvist / TT / NTB scanpix