Klargjør siden...

Boris Johnson: – Hastar ikkje med EU-utmelding

(NPK-NTB-AFP): Tidlegare London-ordførar og ut-general Boris Johnson meiner det ikkje er grunn til å forhaste seg når Storbritannia skal ut av EU.

– Ingenting vil forandre seg på kort sikt, sa Johnson under ein pressekonferanse fredag.

Han sa også at Lisboa-traktatens artikkel 50 ikkje må setjast i verk med ein gong for at Storbritannia skal komme seg ut av unionen. Det er venta at prosessen med å melde landet ut av EU kan ta fleire år.

Johnson hevda også at Storbritannia ikkje blir mindre europeisk når landet forlèt unionen.

– Vi kan ikkje vende ryggen til Europa. Vi er ein del av Europa, sa Johnson.

Han takka det britiske folket for å ha tatt stilling til eitt av dei største og vanskelegaste politiske spørsmåla i Storbritannia på lang tid.

I tillegg skrytte Johnson av partifella David Camerons innsats som statsminister. Cameron stod på motsett side i EU-kampen og har erklært at han vil gå av etter nederlaget i folkeavstemminga.

Fleire britiske bookmakerar meiner det er Johnson som mest sannsynleg kjem til å overta som ny britisk regjeringssjef. (©NPK)

Annonse