Annonse

Børsen avslutta veka med kraftig oppgang

Hovudindeksen på Oslo Børs steig heile 2 prosent fredag og enda på 849,66 poeng. Ei rekkje selskap hadde oppgang på over 10 prosent.

Energisektoren auka 5,3 prosent, medan shippingsektoren steig 2,6 prosent. For sjømat var utviklinga litt meir dempa, med ein auke på 0,3 prosent.

Utviklinga kan forklarast med ein kraftig oppgang i oljeprisen. Ved 17-tida vart eit fat nordsjøolje omsett for 42,02 dollar, ein auke på 5,4 prosent frå nivået i natt.

Equinor steig med 4,3 prosent og var selskapet med høgast aksjeomsetning. Blant dei ti mest omsette aksjane var det berre NEL og Orkla som hadde nedgang, med høvesvis 0,8 og 1,3 prosent.

Norwegian var blant dei store vinnarane med ein oppgang på heile 10,7 prosent. Aker BP kunne vise til ein oppgang på 9,4 prosent. Aller størst oppgang hadde PGS, som steig med 13,5 prosent.

Ute i Europa var stemninga endå betre enn i Oslo. I Paris steig CAC 40-indeksen med 3,7 prosent, medan DAX 30 i Frankfurt og FTSE 100 i London steig med høvesvis 3,4 og 2,3 prosent.

Då handelen starta i USA fredag ettermiddag norsk tid, hadde Dow Jones-indeksen ein oppgang på 3,7 prosent. Den breiare S&P 500-indeksen steig 2,9 prosent. Teknologiindeksen Nasdaq steig med 2,2 prosent.

(©NPK)

Den siste veka har Oslo Børs hatt ein oppgang i hovudindeksen på 6,6 prosent. Illustrasjonsfoto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix / NPK